Når barn og unge treng hjelp
Det skal vere trygt og godt å vekse opp i Bjørnafjorden kommune. Av og til oppstår likevel utfordringar eller vanskar som gjer at vi blir uroa for barn, unge og familiar. I vår kommune brukar vi modellen Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) for å sikre at barn og unge får rett hjelp til rett tid.
Er du bekymra for eit barn eller ein ungdom? Om uroa er sterk eller svak – gjer noko med det!
NB: Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta direkte kontakt med Politi 112, Barneverntenesta 90 18 28 50 eller Barnevernvakten 55 36 11 80.