Uro for barn og unge kan handle om så mangt. Mange av oss, enten vi er føresette, naboar, vennar, frivillige eller jobbar med gravide, barn, unge og deira familiar, kjem i løpet av livet opp i situasjonar der vi ser, høyrer eller får vite noko som får oss til å kjenne ei uro for eit barn eller ein ungdom. Det kan vere vårt eige barn eller eit anna barn i eigen familie, slekt, vennekrets, nabolag, idrettslag eller jobb.
Lovhjemler NAV og Bvtj
Retningslinjer
Foreldre kan sjølv ta kontakt med Jordmortenesta, fastlege
Snakk med Gry på Jordmortenesta!
«Hvis du er gravid og har rusproblemer, er det viktig at du tar dette opp med fastlege, jordmor eller andre kontaktpersoner i helsetjenesten. Alkohol er det mest skadelige rusmiddelet for fostret. Risikoen for misdannelser, hemmet vekst og skader i nervesystemet hos fosteret (føtalt alkoholsyndrom, FASD), øker proporsjonalt med mengde inntatt alkohol. Det er ingen sikker nedre grense for skadefri alkoholbruk under svangerskap.
En henvisning vil sikre at du kommer raskt inn i behandling. Det er etablert eget pasientforløp for gravide med rusproblemer. Det finnes behandlingstilbud av gravide med rusproblemer i hver helseregion.» Hjelp til deg med rusproblemer – Helsenorge
Uro eller bekymring knytt til barnet si utvikling, foreldra si omsorg og familie og miljø kan handle om så mangt:
Barnet si utvikling: Kanskje har du registrert at barnet:
- strevar språkleg eller fagleg
- ser eller høyrer dårleg
- strevar med å bevege seg i ulendt terreng, snublar, dett eller slår seg ofte
- vegrar seg for å ete, et for mykje, har eit spesielt usunt kosthald eller dårleg tannhelse
- ofte er uflidd/skitten/ikkje har passande klede i forhold til størrelse, vær og aktivitet
- ofte er trøytt eller strevar med søvn
- gir ofte uttrykk for plager, er ofte sjuk eller har mykje fråvær
- mistrivst, har dårleg sjølvbilete, er engsteleg, nedstemt, sint eller utagerer
- er uroleg, strevar med konsentrasjon og/eller motivasjon for læring
- slit med å etablere og oppretthalde vennskap eller strevar med å forhalde seg til andre barn/vaksne
- blir mobba, mobbar eller plagar andre
- strevar med å sette ord på og/eller handtere eigne følelsar
- framstår som umoden ut frå alder og/eller manglar nokre ferdigheiter som ein normalt kan forvente ut frå alder (for eksempel symje, sykle, kle seg, kunne klokka, knyte sko, og liknande) eller har kjennskap til ord eller tema som ein normalt ikkje kan forvente ut i frå alder
- barnet er mykje ute aleine eller oppheld seg mykje hos andre
- lyg, stel, søker risikomiljø, nyttar rusmidlar, eller utfører kriminelle handlingar
- har seksualisert språk og/eller åtferd
- har et problematisk forhold til egen kjønnsidentitet eller seksuell legning
- viser teikn som kan tyde på at barnet er utsett for vald eller overgrep
- viser teikn som kan tyde på at barnet er utsett for traumer
Foreldra si omsorg: Kanskje har du sett eller opplevd signal frå føresette som gjer deg uroleg for evna deira til å vere føresette? Det kan vere at føresette:
- ikkje overheld avtalar og/eller ikkje følger opp barnet (for eksempel knytt barnehage, skule, fritidsaktivitetar, helsetenester, tannlege, ol.)
- i stor grad lar fleire og/eller tilfeldige personar hente og levere i barnehage/skule/SFO
- si framtoning i stor grad skil seg ut i frå kva som er allment akseptert, f. eks. når det gjeld påkledning, hygiene, språkbruk, o.l.
- vert opplevde som særskilt usikre, sårbare, irritable eller aggressive
- kjeftar mykje på barnet og/eller strevar med å sette grenser for barnet
- gir barnet for stort ansvar i heimen
- overbeskyttar barnet eller passar ikkje på/beskyttar/skjermar barnet godt nok, f. eks. mot farar i kvardagen, konflikar, vald og overgrep
- framstår som rusa eller luktar alkohol
- utøvar negativ sosial kontroll over barnet
- er fysisk eller psykisk valdeleg mot barnet
- utset barnet for overgrep
- ikkje ser og forstår barnet sine fysiske, materielle eller emosjonelle behov
Familie og miljø: Kanskje har du kjennskap til at:
- familien sin situasjonen, bakgrunn eller historikk gir grunnlag for uro
- det er store konfliktar i familien/nettverket
- familiemedlem eller andre nære har somatisk, fysisk eller psykisk sjukdom
- familien/familiemedlem er i sorg eller krise
- barnet/familiemedlem har opplevd traume
- barnet/familiemedlem eller andre nære er/har vore utsett for fysisk eller psykisk vald eller overgrep
- familiemedlem eller andre nære har utfordringar med rusbruk eller kriminalitet
- føresette har utfordringar knytt til bustad, økonomi og/eller arbeid i ein slik at grad at det påverkar barnet negativt
- familien har flytta mange gonger
- familien har lite nettverk/kontakt med andre/deltar sjeldan på aktivitetar/sosiale samankomstar/etc.
NB! Punkta over er berre eksempel og ikkje ei uttømmande liste over årsaker til uro eller bekymring!
Du er første steget mot ei løysing
Som du ser, kan signala som gjer oss urolege vere høgst ulike, vage og vanskelege å tyde. Då er det lett å kjenne på eiga uvisse: Har eg observert rett? Kan eg risikere å lage «ei sak» ut av ein bagatell? Bør eg gå vidare med uroa mi? Anten uroa er sterk eller svak, skal vi som medmenneske bry oss og ta tak i uroa. Offentleg tilsette har også plikt til å melde frå til barneverntenesta dersom meldeplikta er utløyst. Vi skal ikkje avvente eller setje vår lit til at andre fangar opp dei same signala som oss. Kanskje er det berre nettopp du som ser barnet!
Gode hjelpemiddel
BTI-rettleiaren inneheld både ei oppskrift på korleis vi skal gå fram for å avklare om det er grunnlag for uroa vi kjenner, samt ei rekke konkrete verktøy. Både framgangsmåten og dei tilhøyrande verktøya er primært tiltenkt brukt av fagpersonar, men kan også nyttast av privatpersonar. For eksempel kan verktøya «Trekanten – Barnets behov i sentrum» og «Teikn og signal hos barn og unge som gir grunn til uro/bekymring» hjelpe deg med å definere uroa du opplever.
Kven kan du kontakte?
- For å sjå kven du kan kontakte dersom du er uroa for barn, unge eller deira familie, klikk her.
- For å melde bekymring til Barneverntenesta, klikk her.
- Gjeld uroa mistanke om vald eller overgrep, drøft uroa med Konsultasjonsteamet eller ta direkte kontakt med Politi 112, Barneverntenesta 90 18 28 50 eller Barnevernvakten 55 36 11 80.
I følge Barnehageloven §41-43 skal alle barn oppleve eit trygt, godt og inkluderande leike- og læringsmiljø i barnehagen. Dei tilsette har plikt til å gripe inn dersom dei ser mobbing eller anna krenkande åtferd mot barn. Barnehagane har eigne rutinar dei skal følge dersom barn blir utsett for krenking i barnehagen, jfr. retten til eit trygt og godt barnehagemiljø og
For meir informasjon om barnehagemiljø og krenking i Bjørnafjorden kommune, klikk her.
Mobbeombodet i Vestland er eit lågterskeltilbod for barn, elevar i grunnskulen og føresette i Vestland. Ombodet skal bidra til at barn og unge får oppfylt rettane sine til trygge og gode barnehage- og skulemiljø.
I følge Opplæringslova § 12-2 har alle elevar rett til å ha eit trygt og godt skulemiljø som fremmar helse, inkludering, trivsel og læring. Det er eleven si oppleving av korleis den har det på skulen som er avgjerande. Det er skulen sitt ansvar å påse at alle elevar får oppfylt retten til eit trygt og godt skulemiljø utan mobbing og andre krenkingar. Som eit ledd i dette ansvaret er alle tilsette ved skulen plikta til å handle dersom dei har mistanke eller kunnskap om at ein elev ikkje har eit godt og trygt skulemiljø, jfr.
I arbeid med saker etter Opplæringslova Kap. 12 Skolemiljøet til elevene skal skulen arbeide kontinuerleg for at alle elevane skal ha eit trygt og godt skolemiljø. Alle som arbeider på skulen, skal følgje med på korleis elevane har det, og om mogleg gripe inn dersom nokon krenkjer ein elev. Det er skulen sitt ansvar å oppfylle aktivitetsplika og dokumentasjonsplikta. Hjelpetenestene vil vere eit supplement til skulen sitt arbeid, men kan ikkje overta ansvaret som skulen har.
For meir informasjon om system og rutinar i arbeidet med elevane sitt skulemiljø i Bjørnafjorden kommune, klikk her.
Mobbeombodet i Vestland er eit lågterskeltilbod for barn, elevar i grunnskulen og føresette i Vestland. Ombodet skal bidra til at barn og unge får oppfylt rettane sine til trygge og gode barnehage- og skulemiljø.
I følgje Opplæringslova § 2-1 og § 2-2 og tilhøyrande forskrifter har alle barn og unge rett til ein offentleg grunnskuleopplæring og plikt til grunnskuleopplæring. Plikta kan ivaretakast gjennom offentleg grunnskuleopplæring eller gjennom anna, tilsvarande opplæring.
Som hovudregel er det kommunen som skal oppfylle retten til grunnskuleopplæring. Kommunen har dermed eit oppfølgingsansvar dersom ein elev ikkje møter på skulen, jf. Plikta til å følge opp fråvær (Opplæringslova § 10-6). Som ein del av dette oppfølgingsansvaret, har Bjørnafjorden kommune utarbeidd Rettleiar ved skulefråvær, som kan bidra til eit tett samarbeid mellom elev, skule og heim.
Foreldre har medansvar for å følge opp plikta til opplæring, jf. § 30 i Lov om barn og foreldre.
Familielivet består av store og små hendingar som kan gjere barn til pårørande på ulike måtar. Når nokon i familien har gått bort, er alvorleg sjuke, er i fengsel eller på andre måtar har det vanskeleg, påverkar det heile familien – også barn og ungdom. Nokre barn opplever at det skjer noko akutt med mamma, pappa eller søsken – ein eller fleire gonger i løpet av oppveksten. For andre er det å vere pårørande ein del av kvardagen.
Kven er barn og unge som pårørande?
Barn og unge (0-18 år) er pårørande når foreldre eller søsken opplev helseproblem eller døyr. Barn og unge er også pårørande når andre nære personar døyr. Omgrepet foreldre og søsken inkluderer også til dømes steforeldre/søsken, fosterforeldre/søsken, adoptivforeldre/søsken. Helseproblem kan vere psykisk sjukdom, avhengigheit, alvorleg fysisk sjukdom eller skade, både akutte, kroniske eller funksjonsnedsettingar.
Ingen familiar skal måtte stå i ein vanskeleg situasjon aleine
Bjørnafjorden kommune skal bidra til at barn og unge pårørande blir sett, høyrt og ivaretatt.
Sjølv om dei fleste barn som er pårørande vert godt ivaretekne og klarar seg bra, veit vi at det å vere pårørande aukar risikoen for å utvikle eigne vanskar. Desse vanskane kan melde seg i oppveksten, eller bli synlege i vaksen alder. Det å vere pårørande kan medverke til at barn og unge opplever angst, depresjonar, åtferdsvanskar, konsentrasjonsvanskar eller fråfall frå skule og utdanning. Vi veit også at dersom barn og unge vert utsette for fleire belastningar samtidig, aukar sannsynet for utvikling av eigne problem.
Barn og unge si oppleving av tryggleik og tilstrekkeleg omsorg er sterkt knytt til foreldra si omsorgsevne og livssituasjon. Når alvorleg sjukdom, dødsfall, rusproblem eller anna belastning rammar eit medlem i ein familie vert foreldra sin omsorgskapasitet og fungering utfordra.
Barn på si side kan ha lett for å føle skuld for årsaka til belastinga i familien, og dei kan føle at det er deira ansvar å ta vare på foreldre og søsken. Nokon barn blir stille og gjer seg usynlege for å ikkje å være til bry. Andre blir sinte og utagerande. Endringar i veremåten hos barn er ofte deira måte å be om hjelp til å handtere vanskelege følelsar.
Vi veit at alle foreldre vil det beste for barna sine. Men i tunge periodar kan det vere vanskeleg å strekke til, og ein kan ha bruk for råd og støtte for korleis ein best mogleg skal ivareta sine barn og unge i ei krevjande tid. Tilsette i skule og barnehage og andre nære vaksne kan også ha behov for rettleiing når ein familie har det vanskeleg.
Korleis snakke med barn om sjukdom, død og andre vanskelege tema?
Nyttige råd og tips om korleis du sjølv kan støtte barnet/ungdommen finn du her:
- pårørendesenteret.no
- foreldrehverdag.no
- snakketøyet.no
- Til pårørende og etterlatte – Kreftforeningen
- Barns sorg
- Krisereaksjoner hos barn og unge
Aktuelle nettstader retta mot barn og unge
- Unge pårørende – Pårørendesenterets egen ressurs for barn og unge pårørende mellom 7-18 år (ungeparorende.no)
- Ung.no — offentlig og kvalitetssikret informasjon for ungdom
- Barn av rusmisbrukere
- Nasjonal chattetjeneste om rus i familien
- Barn som pårørende | For Fangers Pårørende (ffp.no) – om foreldre/søsken i fengsel
Lokale tilbod i Bjørnafjorden kommune
Nokon barn og unge opplever å bli systematisk avgrensa i livsutfaldinga eller gjentatte gongar bli hindra i å treffe sjølvstendige val om eige liv og eiga framtid. Nokon barn opplever å bli tatt med til utlandet mot sin eigen vilje eller å ikkje få reise heim igjen etter ferieopphold i utlandet. For nokon inneber utanlandsreisa ein risiko for tvangsekteskap, barneekteskap, æresrelatert vald eller kjønnslemlesting.
Negativ sosial kontroll forståast som press, oppsyn, truslar eller tvang som systematisk avgrensar nokon i si livsutfalding eller gjentatte gongar hindrar dei i å treffe sjølvstendige val om eige liv og eiga framtid. I vurderinga av om eit handlingsmønster utgjer negativ sosial kontroll, skal det takast omsyn til den kontrollerte parten sin alder og utvikling, samt til prinsippet om barnet sitt beste.
Æresrelatert vold forståast som vald utløyst av familien eller gruppa sitt behov for å ivareta eller gjenopprette ære og omdømme. Dette førekjem i familiar og grupper der det er forventa at individet innordnar seg kollektivet, og patriarkalske æresnormer står sterkt. Æresrelatert vald kan omfatte fleire handlingar som negativ sosial kontroll, tvangsekteskap, men også andre valdsuttrykk som krenkingar, truslar, utstøting og anna psykisk vald, fysisk vald og drap.
Tvangsekteskap forståast som ei ekteskapsinngåing der ein eller begge ektefellane ikkje har moglegheit til å velge å forbli ugift utan å bli utsett for vald, frihetsberøving, anna straffbar eller urettmessig åtferd eller utilbørleg press. Tvangsekteskap er ei form for vald i nære relasjonar og kan i praksis også innebere at den enkelte ikkje har moglegheit til å bryte ei forloving eller eit inngått ekteskap, eller velge ein partnar på tvers av familien sine ønske, utan å bli utsett for represaliar.
Barneekteskap forståast som eit ekteskap der ein eller begge partar er under 18 år.
Kjønnslemlesting er eit inngrep i jenta/kvinna sitt kjønnsorgan som skader kjønnsorganet eller påfører det varige forandringar utan medisinsk grunngjeving. Det finns ulike former og alvorsgrader av inngrepet.
Direkte kontakt for barn og unge:
- Politi: 02800 eller nødnummer 112
- Barnevernvakten: +47 55 36 11 80 (Open alle dager fra kl. 08:00 – 02:00. Telefonen er open heile døgnet).
- Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111
- Mangfaldsrådgjevarar ved utvalgte ungdoms- og vidaregåande skular i alle fylka i landet. Mangfaldsrådgjevararne har spisskompetanse på tematikken og kan kontaktast for rettleiing av elevar, skuletilsette og hjelpeapparat.
- Kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vold er eit nasjonalt, tverretatleg team som gir råd og rettleiing til tilsette i hjelpeapparatet og utsette i konkrete saker: +47 478 09 050
- Helsesjukepleiar ved helsestasjon for barn og i skulehelsetenesta
- Vold- og overgrepslinjen: 116 006 (døgnopen hjelpelinje for personar over 18 år)
- Krisesenter: https://dinutvei.no/alle-hjelpetilbud/
- Røde Kors-telefonen om tvangsekteskap og kjønnslemlestelse
- Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF)
Direkte kontakt for hjelpeapparatet (råd og rettleiing):
- Politi: 02800 eller nødnummer 112
- Barnevernvakten: +47 55 36 11 80 (Open alle dager fra kl. 08:00 – 02:00. Telefonen er open heile døgnet).
- Sentralmyndigheten for Haagkonvensjonen 1996, Bufdir: 466 15 000
- Kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vold: 478 090 50
- Spesialutsendinger ved utvalgte utenriksstasjoner. Ved bekymring for at barn og unge kan bli ufrivillig tilbakeholdt i utlandet kan spesialutsendingene kontaktast. Dei rettleiar også andre ambassadar i sine respektive regionar.
- Kontaktinformasjon til dei ulike ambassadane: www.norway.no
- Utenriksdepartementets operative senter (UDops): +47 23 95 00 00 (heile døgnet)
- Mangfaldsrådgjevarar ved utvalgte ungdoms- og vidaregåande skular i alle fylka i landet
- Helsesjukepleiar ved helsestasjon for barn og i skulehelsetenesta er ein god samarbeidspartnar ved bekymring for barn og unge.
- Røde Kors-telefonen om tvangsekteskap og kjønnslemlestelse
- IMDis fagteam for forebygging av negativ sosial kontroll og æresrelatert vold jobbar med kompetanseheving om avdekking og førebygging av negativ sosial kontroll og æresrelatert vald. Målgruppa for fagteamet er hovudsakleg tilsette på skular som ikkje har mangfaldsrådgjevar, og tilsette i vaksenopplæringssenter og flyktningtenester.
Aktuelle nettressursar:
For meir informasjon:
Negativ sosial kontroll og æresrelatert vold: Beredskapsbrev 2024
Førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme er ei viktig samfunnsoppgåve som går på tvers av samfunnssektorar og fagområde.
Er du bekymra? Det kan vere nyttig å rådføre seg med fagpersonar, både i samband med jobb og som privatperson.
Bjørnafjorden kommune har utarbeida ein eigen rettleiar for Førebygging av radikalisme og valdeleg ekstremisme. Kommunen sin rettleiar bygger på «Nasjonal veileder for forebygging av radikalisering og voldelig ekstremisme» som rettar seg mot aktørar i førstelinja.
I kommunen sin rettleiar finn du kort og god informasjon om kva radikalisering og valdeleg ekstremisme er, teikn på radikalisering og valdeleg ekstremisme som bør gjere deg uroa og kva du som privatperson og/fagperson bør gjere dersom du er uroa.
Den nasjonale rettleiaren gir nyttig informasjon og praktiske verktøy når det gjeld temaet, og kan brukast som eit oppslagsverk om ein kjem i ein vanskeleg situasjon eller samtale. Du finn også definisjon av omgrep, handlingsplanar, litteratur og lenkjer til relevante nettstader.
Treng du å drøfte ei sak anonymt eller melde bekymring? Ta kontakt med lokale fagpersonar!
Ungdomsåra er naturleg prega av utforsking og testing av grenser. Dei fleste unge ventar med å prøve alkohol eller andre rusmiddel til dei er i slutten av tenåra, og nokre startar tidlegare.
Det er vanskeleg å definere ei grense for når ein bør bli uroa for rusbruk og kva teikn som kan tyde på at ein bør vere bekymra. Rusutfordringar har ofte bakanforliggande forklaringar som det kan vere viktigare å fokusere på enn sjølve rusmiddelet/rusåtferda. Kjenner du ei begynnande uro er kanskje det i seg sjølv eit teikn på at noko er på gong og at du bør gjere noko med uroa di.
Treng du meir kunnskap om rus? Lenkene til nettsidene lengre nede i teksten gir mykje og god informasjon som kan hjelpe deg.
Er du bekymra for rusbruken til ein ungdom eller for deg sjølv? Treng du råd og/hjelp? Er du usikker på korleis du kan snakke med ungdom om rus, kva som kan vere årsaken til rusbruk eller korleis du kan handtere ungdom som testar ut rus? Treng du tips til korleis du kan vere ei tryggast mogleg hamn for ungdommen, også når ungdommen er ute, brukar rusmidlar og prøver seg på livet?
Ta kontakt med fagpersonar i kommunen:
- Fastlegen skal vere ein trygg samtalepartnar og sikre heilskapleg og kontinuerleg oppfølging. Rusmiddelbruk kan også handle om psykisk helse. Ved behov kan fastlegen tilvise vidare til spesialist/spesialisthelsetenesta og ulike hjelpeordningar i kommunen.
- Legevakt ved akutt bekymring eller behov for hjelp – tlf.: 116 117
- Rask psykisk helsehjelp (16 år+) er eit gratis behandlingstilbod til deg som er over 16 år og har milde til moderate symptom på depresjon, angst eller søvnproblem eller begynnande rusmiddelproblem.
- Ruskonsulent er eit gratis lågterskeltilbod som tilbyr kartlegging, støttesamtalar med brukarar i alle aldrar og/eller pårørande, råd og rettleiing innan avhengigheitsproblematikk, hjelp til å finne riktig hjelp eller behandling og tilvising til behandling.
- Tidleg innsats – rus, speling og avhengigheit (14-25 år) er eit gratis lågterskeltilbod til unge i alderen 14-25 år som har problem med rus, speling og avhengigheit. Tilbodet omfattar kartlegging, støttesamtalar med brukaren og/eller pårørande, råd og rettleiing innan avhengigheitsproblematikk, hjelp til å finne riktig hjelp eller behandling og tilvising til behandling.
- Utekontakten i Bjørnafjorden kommune (13-25 år) er ei førebyggande lavterskelteneste for ungdom i alderen 13-25 år, som har, eller er i risiko for å utvikle, ei sårbarheit eller problematikk. Utekontakten har også som målsetting å halde oversikt over ungdomsmiljøa lokalt, identifisere endringar og nye nasjonale- og lokale trendar så raskt som mogleg. For å oppnå denne målsettinga er Utekontakten avhengige av å få tilbakemeldingar frå ungdommar og vaksne. For tips om trendar og utvikling i nærmiljøet, ta gjerne kontakt med Utekontakten på e-post: utekontakten@bjornafjorden.kommune.no.
- Ungdomsteamet (13-23 år) er eit gratis lågterskeltilbod til ungdom mellom 13 og 23 år som strevar med utfordringar knytt til skulekvardag, fritid, trivsel og psykisk helse. Miljøterapeutane i Ungdomsteamet er mykje i miljøet på ungdomsskulane og er tilgjengelege for ungdommar på Ung arena og Fjord’n Arena.
Nyttige lenker til informasjon som kan hjelpe deg:
- Rus og avhengigheit – Informasjon om rusmiddel, rusbruk, hjelp og behandling og anna avhengigheit
- Fakta om rusmiddel – verknadsmekanismar og helseskadar ved bruk av dei enkelte rusmidla
- RUSinfo – landsdekkande opplysningsteneste om rus og hjelpetiltak, samt rettleiing gjennom telefon, chat og spørreteneste
- Barn av rusmisbrukere – for deg med foreldre som har eller har hatt eit rusproblem
- Ivareta – for alle pårørande berørt av rus
Nasjonale telefon- og chattetenester:
- Anonyme alkoholikere – tlf.: 911 77 770
- RUSinfo (Rustelefonen) – tlf.: 915 08 588
- Barn av rusmisbrukere – Chat om det du har på hjertet
- Pårørendetelefonen – tlf.: 800 40 567
NB! SIDA ER UNDER UTVIKLING!
Oppdragarvald – Ut av den vonde sirkelen – Bjørnafjorden kommune (valdsfri.no)
Mot vald i nære relasjonar: plan og tiltakskort – Bjørnafjorden kommune
Dokument «Vald i nære relasjonar», ID 11267 – EQS
Mistenker du at nokon har det utrygt heime? Sei ifrå! – Bjørnafjorden kommune