BTI-rettleiaren er eit verktøy som skal gjere det enkelt å handle i tråd med BTI-modellen. Modellen er delt inn i nivå 0, 1, 2 og 3. Kvart nivå er delt inn i fem steg.
Rettleiar - oversikt
Første side i rettleiaren viser oversikt over modellen. Øvst finn du ei kortfatta forklaring til kvart nivå med tilhøyrande steg under. Oversikten er interaktiv slik at du enkelt kan navigere til aktuelt nivå eller steg.

Rettleiaren
Når du skal nytte BTI-rettleiaren for å finne ut om eit barn eller ein ungdom treng hjelp, er det naturleg å starte på nivå 0, steg 1. Deretter følger du stega vidare til saka kan avsluttast.

Navigering - nivå
Øvst på sida: Her navigerer du mellom dei ulike nivåa.

Navigering - steg
Til venstre på sida: Her navigerer du mellom dei ulike stega på kvart nivå

Hovudinnhald
Midt på sida: Her er hovudinnhaldet som beskriv kva du skal gjere på det gjeldande steget.

Tilhøyrande verktøy
Til høgre på sida: Her finn du eit utval verktøy; det vil seie relevante dokument, malar og skjema for det gjeldande steget. Du finn også ein knapp som fører til alle verktøya som er knytt til rettleiaren.
