Betre Tverrfageleg Innsats (BTI) er ein samhandlingsmodell som beskriv den samanhengande innsatsen i og mellom tenester retta mot gravide, barn, unge og familiar som det er knytt ei uro eller bekymring til. BTI-modellen skal bidra til tidleg innsats, samordna tenester og medverknad.
Tidleg innsats handlar om auka førebygging, arbeid med å oppdage utfordringar, sårbarheiter og risikoforhold hos barn, unge og familiar både tidleg i alder og tidleg i «problemutviklinga», samt rett hjelp til rett tid – å sette i verk tiltak så tidleg som mogleg for å førebygge uheldig utvikling eller eskalering.
Samordna tenester/tenestetilbod betyr at tenestene skal arbeide saman og sikre framdrift for å hjelpe barn, ungdom og familiar med deira utfordringar. Omgrepet «samordna» er knytt til kommunen si samordningsplikt som gjeld når samarbeid er nødvendig for å gi barnet eller ungdommen eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Samordning inneberer eit strengare krav til forplikting og formalisering enn samhandling og samarbeid. Alle er likeverdige deltakarar med ulik kompetanse som skal bidra for å finne gode løysningar. Tenestene skal jobbe målretta, effektivt og heilskapleg – og utan at det oppstår avbrot i oppfølginga.
Medverknad inkluderer både brukarmedverknad og foreldreinvolvering.
Brukarmedverknad kan foregå på individ-, teneste- og systemnivå. Brukarmedverknad på individnivå handlar om den enkelte brukar sine rettar og moglegheiter til å ha innflytelse i eigen sak og eige tenestetilbod.
Offentlege myndigheiter har plikt til å involvere brukarar, plikt til å gi god og tilpassa informasjon slik at brukaren kan medvirke, og plikt til å lytte til og vektlegge det barn formidlar, i samsvar med barnet sin alder og mogenskap, når det blir tatt avgjersler som vedkjem dei.
Barn sin rett til å bli hørt, er nedfelt blant anna i barnekonvensjonen, art. 12, grunnlova, forvaltningloven, pasient- og brukerrettighetsloven, helse- og omsorgstjenesteloven, barnelova, barnevernsloven, opplæringslova, barnehageloven, og forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver.
Foreldreinvolvering handlar om at føresette i utgangspunktet alltid skal vere ei del av løysinga. Dei kommunale tenestene skal derfor involvere føresette på eit tidleg tidspunkt etter at uroa for barnet har oppstått og samhandle og samarbeide med føresette gjennom hjelpeprosessen. Foreldreinvolvering inneber også at føresette på eige initiativ kan involvere kommunale tenester dersom dei er bekymra for eigne eller andre sine barn.
Involveringa av føresette har både ei etisk og fagleg grunngjeving. Den etiske dreier seg om å respektere det overordna ansvaret føresette har for eigne barn. Det faglege dreier seg om at føresette ofte er ein avgjerande aktør, og heimen ein viktig arena, i det førebyggande, selekterte og indikerte arbeidet med barn og unge.
BTI er ein samhandlingsmodell for tenester som møter gravide, barn, unge og deira familiar som det er knytt undring eller bekymring til. Modellen består av ein grunnmodell med tilhøyrande digital handlingsrettleiar, verktøy og kompetansen til dei tilsette.
Grunnmodellen i BTI beskriv korleis samhandlinga kan leggast til rette på fire forskjellege nivå, avhengig av omfanget av utfordringane som skal løysast og talet på aktørar som er involvert:
Nivå 0: Uroa blir definert. Det blir vurdert om det er grunnlag for uroa/bekymringa og avklart om det er behov for vidare oppfølging eller ikkje.
Nivå 1: Beskriv samarbeidet mellom ei enkelt teneste/avdeling, føresette og eventuelt barnet for å finne ei løysing og sette i verk tiltak innad i tenesta/avdelinga og/eller i familien.
Nivå 2: Beskriv eit enkelt tverrfagleg samarbeid mellom to kommunale tenester/avdelingar, føresette og eventuelt barnet, for å løyse utfordringa. Barnet/familien har tiltak frå to kommunale teneste/avdelingar.
Nivå 3: Beskriv eit meir omfattande tverrfagleg samarbeid mellom tre eller fleire kommunale/eksterne tenester/avdelingar, føresette og eventuelt barnet, for å løyse utfordringa. Barnet/familien har tiltak frå tre eller fleire kommunale/eksterne tenester/avdelingar.
Nivåa og tenestene i grunnmodellen er knytt saman gjennom ein samarbeidsstruktur som er basert på at ein av aktørane til ei kvar tid er stafetthaldar og har hovudansvaret for å samordne tenestetilbodet.
Handlingsrettleiaren (BTI-rettleiaren) skildrar korleis vi skal gå fram steg for steg på kvart nivå i konkrete tilfelle der vi er uroa for gravide, barn, unge og deira familiar og korleis vi skal samarbeide rundt barn og unge, både med familien, innanfor kvar enkelt teneste og mellom tenestene.
Verktøya er konkrete hjelpemiddel og malar kvar enkelt teneste og tilsett i kommunen brukar som eit utgangspunkt for arbeidet med BTI-saker. Verktøya er meint å skulle hjelpe deg i ditt arbeid med å definere uroa for barnet, i samtalar og samarbeid med barn, unge og føresette, og i det tverrfaglege samarbeidet.
Kompetansen
Ein føresetnad for at vi kan bruke BTI-modellen, er at tilsette i kommunen har to typar kompetanse:
- Kompetanse til å forstå og bruke samarbeidsstrukturane i BTI-modellen.
- Kompetanse til å utføre oppgåvene som ligg innanfor dei ulike prosessane i modellen. Dette inneber at vi må ha nok kunnskap til å oppdage barn/unge/familiar som gir oss ei uro/bekymring, ferdigheiter i å samtale med barn/unge og føresette, og vi må vere i stand til å gjere oss nytte av hjelpetiltak og andre hjelpetenester der dette er nødvendig.