Ord- og omgrepslista inneheld definisjonar og nærmare forklaringar på nokre av orda og omgrepa som er brukt i BTI-modellen.
Omgrepet «barn» blir i BTI-modellen brukt om alle barn og unge under 18 år. Omgrepet er i nokre tilfelle også brukt om unge vaksne over 18 år.
Familiar som har eller ventar barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, og som vil ha behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester, har rett til barnekoordinator etter pasient- og brukerrettighetsloven § 2-5c. Det er familien til barn under 18 år som har rett til barnekoordinator.
Koordinerande eining (KE) skal gjere ei individuell, konkret vurdering om vilkåra er oppfylt, og har ansvar for oppnemning, opplæring og rettleiing av barnekoordinator.
Barnekoordinator skal sørge for å ha oversikt over og bidra aktivt til å ivareta kommunen sitt ansvar for nødvendig oppfølging og tilrettelegging for familien og barnet i form av nødvendig informasjon og tilbod om eller yting av helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester.
For å lese meir om barnekoordinator, klikk her.
Brukarmedverknad handlar om den enkelte brukar sine rettar og moglegheiter til å ha innflytelse i eigen sak og eige tenestetilbod.
Offentlege myndigheiter har plikt til å involvere brukarar, plikt til å gi god og tilpassa informasjon slik at brukaren kan medvirke, og plikt til å lytte til og vektlegge det barn formidlar, i samsvar med barnet sin alder og utvikling, når det blir tatt avgjersler som vedkjem dei.
BTI-ansvarleg er ein tilsett i si eiga eining/teneste som fungerer som ein «superbrukar» på Bjørnafjorden kommune sin BTI-modell og handlingsrettleiar. BTI-ansvarleg skal ha ein spisskompetanse på si teneste/eining sine retningslinjer for:
- kva ein gjer når ein opplever uro / bekymring for eit barn eller ein ungdom
- samarbeid med føresette
- tverrfagleg samarbeidet med andre tenester.
BTI-ansvarleg skal også vere bindeleddet mellom eininga/tenesta og dei ansvarlege for BTI sentralt i kommunen. Vidare skal BTI-ansvarleg bidra til å sikre drift og vedlikehald av BTI, og opplæring til nytilsette i eiga eining/teneste.
Foreldreinvolvering handlar om at føresette i utgangspunktet alltid skal vere ei del av løysinga. Dei kommunale tenestene skal derfor involvere føresette på eit tidleg tidspunkt etter at uroa for barnet har oppstått og samhandle og samarbeide med føresette gjennom hjelpeprosessen. Foreldreinvolvering inneber også at føresette på eige initiativ kan involvere kommunale tenester dersom dei er bekymra for eigne eller andre sine barn.
Involveringa av føresette har både ei etisk og fagleg grunngjeving. Den etiske dreier seg om å respektere det overordna ansvaret føresette har for eigne barn. Det faglege dreier seg om at føresette ofte er ein avgjerande aktør, og heimen ein viktig arena, i det førebyggande, selekterte og indikerte arbeidet med barn og unge.
Omgrepa «foreldre» og «føresette» vert i BTI-modellen brukt om kvarandre om personar som har juridisk ansvar for barn.
Foreldre/føresette kan for eksempel vere ein eller fleire biologiske foreldre, adoptivforeldre, fosterforeldre eller andre personar som er sett til verje eller styring over barnet.
I nokre tilfelle vert omgrepa også brukt om andre personar som er aktivt med og utøver dagleg omsorg for barnet, som for eksempel steforeldre eller besteforeldre.
Barn og unge med behov for langvarige og koordinerte tenester har rett til å få utarbeida individuell plan (IP). Retten til individuell plan/koordinator er blant anna heimla i helse- og omsorgstjenesteloven §7-2, pasient- og brukerrettighetsloven § 2-5 og barnevernsloven § 15-9.
Individuell plan kan beskrivast både som eit verktøy i form av eit planleggingsdokument og ein strukturert samarbeidsprosess, på tvers av fagområde, nivå og sektorar. Planen skal oppdaterast kontinuerleg og vere eit dynamisk verktøy i koordinering og målretting av tenestetilbudet.
Formålet med individuell plan (IP) er at barnet får eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod, der barnet sine mål, ressursar og behov for teneste blir kartlagt, og at dei ulike tenestene samarbeider.
Heilskapleg og samordna oppfølging forutset at barnet blir involvert. Dette følger av Grunnloven § 104, Barnekonvensjonen art. 3 og art. 12 og fleire av velferdstjenestelovene.
Individuell plan er frivillig og skal ikkje bli utarbeida utan samtykke frå barnet/ungdommen/føresette. Det skal leggast til rette for at barnet og føresette får delta og medverke i utarbeiding av individuell plan og i samarbeidsmøte.
For å lese meir om individuell plan, klikk her.
Barn og unge med behov for langvarige og koordinerte tenester skal få tilbod om koordinator, jfr. blant anna helse- og omsorgstjenesteloven § 7-2, og pasient- og brukerrettighetsloven § 2-5.
Målet med koordinator er å sikre eit koordinert tenestetilbod. Koordinator skal sørge for nødvendig oppfølging av barnet og sikre samordning av tenestetilbodet og eventuelt framdrift i arbeidet med individuell plan (IP). Å sikre betyr ikkje å gjere alt åleine, men å gjere det i samarbeid med alle aktørar rundt barnet/familien, der målet er å få tenestene til å virke saman. Koordinator har ansvar for å følge opp at alle partar utfører dei oppgåvene som er avtalt, til avtalt tid. Koordinator er den som alle involverte instanser tar kontakt med mellom møter når det er behov for avklaringar og oppdateringar i saka.
Koordinator vert oppnevnt av Koordinerande eining (KE) i forbindelse med individuell plan, men det skal også gjevast tilbod om koordinator sjølv om vedkommande takkar nei til individuell plan.
Omgrepet samarbeid blir i BTI-modellen brukt når to eller fleire personar arbeider saman for å å løyse utfordringa, for eksempel samarbeid mellom føresette og eventuelt barnet og ei enkelt teneste/avdeling eller fleire tenester.
Samordna tenester/tenestetilbod betyr at tenestene skal arbeide saman og sikre framdrift for å hjelpe barn, unge og deira familiar med utfordringar. Omgrepet «samordna» er knytt til kommunen si samordningsplikt som gjeld når samarbeid er nødvendig for å gi barnet eller ungdommen eit heilskapleg og samordna tenestetilbod.
Samordning refererer til alt som skjer av samarbeid, samhandling og koordinering. Samarbeid handlar om det konkrete arbeidet ein gjer for saman å løyse utfordringa. Samhandling handlar meir om den gjensidige relasjonelle deltakinga mellom dei akuelle aktørane, mens koordinering handlar mest om å få ting til å fungere saman.
Samordning inneberer eit strengare krav til forplikting og formalisering enn samhandling og samarbeid. Alle er likeverdige deltakarar med ulik kompetanse som skal bidra for å finne gode løysningar. Tenestene skal jobbe målretta, effektivt og heilskapleg – og utan at det oppstår brot i oppfølginga.
Samordningsplikta lovfestar eit ansvar for kommunen til å sørge for at den enkelte tenestemottakar får eit samordna tenestetilbud.
Samordningsplikta gjeld når tenestene har plikt til å samarbeide på individnivå. Det vil sei i dei tilfelle det er nødvendig at tenestene samarbeider for at barnet skal få eit helskapleg og samordna tenestetilbod. Kravet om nødvendigheit skal ikkje tolkast strengt, og det er heller ikkje krav om lang varigheit.
Samordningsplikta skal sørge for at ei kommunal teneste får hovudansvaret for samordninga av tenestene i et slikt tilfelle. Tenestene som skal samarbeide om oppfølginga av eit barn må avklare kva teneste som skal samordne tenestetilbodet. I mange tilfelle er det klart kva velferdsteneste som bør ha hovudansvar for å samordne tenestetilbodet, for eksempel når ei teneste har mest å gjere med barnet, har ansvar for flest tiltak og/eller er tettast på der tiltak vert gjennomført. Dersom det er oppnevnt barnekoordinator, er det presisert i sektorlovene at barnekoordinator sørger for samordning av tjenestetilbudet.
Når det er avklart kva teneste som skal samordne tilbodet er det viktig at dette blir formidla til føresette og eventuelt barnet, slik at dei veit kven dei kan forhalde seg til. Kontaktpersonen i den tenesta som skal samordne tilbodet, blir barnet sin samordningsansvarlege.
Spesialisthelsetenesta omfattar både offentlege og private sjukehus og institusjonar innan somatikk, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling av rusmiddelmisbruk. Spesialisthelsetenesta inkluderer også ambulanseteneste, privatpraktiserande spesialistar med driftsavtale, rehabiliteringsinstitusjonar, og laboratorie- og røntgenvirksomheit. Det er dei fire regionale helseforetaka (Helse Nord, Helse Midt-Norge, Helse Vest og Helse Sør-Øst ) som har ansvar for å sikre befolkninga i kvar region tilgang til nødvendig spesialisthelseteneste. Tenestene er heimla i lov om spesialisthelsetjenesten m.m..
Stafetthaldar er den personen i laget rundt barnet frå den tenesta som blir utpeikt til å ha hovudansvar for å samordne samarbeidet, samhandlinga og koordineringa av tenestene og tiltaka rundt barnet, jfr. kommunen si samordningsplikt og samarbeidsplikt.
Samordning refererer til alt som skjer av samarbeid, samhandling og koordinering. Samarbeid handlar om det konkrete arbeidet ein gjer for saman å løyse utfordringa. Samhandling handlar meir om den gjensidige relasjonelle deltakinga mellom dei akuelle aktørane, mens koordinering handlar mest om å få ting til å fungere saman.
Stafetthaldar sine oppgåver er blant anna å:
- ha hovudansvaret for å samordne samarbeidet, samhandlinga og koordineringa av den samla innsatsen rundt barnet
- fungere som sentral kontaktperson for laget rundt barnet
- involvere barn og foreldre i samarbeidet
- innkalle til og gjennomføre samtalar og samarbeidsmøte med aktuelle partar
Kven skal vere stafetthaldar?
Kven som skal vere stafetthaldar vert avklart av dei tenestene som skal samarbeide om oppfølginga av barnet for å sikre eit helskapleg og samordna tenestetilbod. I mange tilfelle er det klart kven som bør vere stafetthaldar, for eksempel når ei teneste har mest å gjere med barnet, har ansvar for flest tiltak og/eller er tettast på der tiltak vert gjennomført. Dersom det er oppnevnt barnekoordinator, er det presisert i sektorlovene at barnekoordinator sørger for samordning av tenestetilbodet. Det same gjeld dersom det er oppnevnt koordinator, jf. Lov om spesialisthelsetjenesten m.m. § 2-5 a.
Kommunen skal samordne både kommunale, private, fylkeskommunale og statlege velferdstenester. Kven som bør vere stafetthaldar, vil kunne endre seg i løpet av det tverrfaglege samarbeidet. Kommunen kan ikkje bestemme at ein fylkeskommunal, statleg eller privat tenesteytar skal vere stafetthaldar, men velferdstenestene kan avtale dette.
Kommunen si plikt til å bestemme kva kommunal velferdsteneste som skal ivareta samordninga, blir først aktuell når dette er uklart eller tenestene er ueinige om kven som skal vere stafetthaldar.
Det er viktig at alle involverte, og spesielt føresette og eventuelt barnet, til ei kvar tid veit kven som er stafetthaldar.
Tidleg innsats handlar om auka førebygging, arbeid med å oppdage utfordringar, sårbarheiter og risikoforhold hos barn, unge og familiar både tidleg i alder og tidleg i «problemutviklinga», samt rett hjelp til rett tid – å sette i verk tiltak så tidleg som mogleg for å førebygge uheldig utvikling eller eskalering.
Omgrepet «tverrfagleg samarbeid» blir i BTI-modellen brukt når to eller fleire avdelingar/tenester med ulik fagbakgrunn, samt føresette og eventuelt barnet, arbeider saman for å løyse utfordringa og gi barnet eit heilskapleg og samordna tenestetilbod.
Velferdsteneste er ei fellesnemning på alle kommunale, fylkeskommunale og statlege tenester og ytingar som bidrar til å sikre borgarane trygge livsvilkår, uansett sosial og økonomisk status. Tenestene kan også bli utført av private aktørar.
Velferdstenester er blant anna helse- og omsorgstenester; som helsestasjonar, fysio- og ergoterapitenester, psykisk helse og rustenester, avlastningstiltak og sjukehus, familiepolitiske ordningar; som foreldrepermisjon, barnetrygd og barnehagar, sosialpolitiske ordningar; som sosialhjelp, arbeidsavklaringspengar og alders- og uførepensjon, og utdanningsinstitusjonar; som skular og universitet.