-

Tenester og tilbod for barn, unge og deira familiar

Her finn du ei alfabetisk oversikt over aktuelle tenester og tilbod for barn, unge og familiar som er busett i Bjørnafjorden kommune. Tenestene og tilboda er kommunale, regionale og nasjonale.

Avdeling forvaltning og koordinering (AFK) behandlar alle søknadar om pleie- og omsorgstenester, og eventuelle klager på vedtak om avslag, for alle innbyggarar i Bjørnafjorden kommune. Dette gjeld også tilbod til barn med nedsatt funksjonsevne og deira familiar, for eksempel avlastningstiltak, støttekontakt og omsorgsstønad. I tillegg behandlar AFK søknader om følgekort og parkeringsløyve for forflyttingshemma, som også kan vere tiltak som kan vere aktuell for nokre barn/unge og deira familiar.

AFK skal fungere som koordineringsledd mellom brukar/pårørande, dei ulike tenestene, fastlege og spesialisthelsetenesta. Føremålet er å sikre innbyggarane rette pleie-og omsorgstenste, til rett tid og på eit fagleg forsvarleg nivå.

Har du spørsmål knytt til ditt barn og familien sitt behov for pleie-og omsorgstenster, kan du ta kontakt med AFK på telefon 91 67 20 72 (mandag-fredag kl. 10.00-14.00).

Du kan også sende inn ein søknad der du beskriv kva utfordringar du ønsker å søke om hjelp til. Søknadskjemaet er eit felles søknadsskjema for alle typar pleie- og omsorgstenester.

Klikk her for å sende inn digitalt søknadsskjema. (NB! Du må logge inn via ID-porten).

Du kan òg sende søknad per post ved å fylle ut søknadsskjema for helse- og omsorgstenester. Skriv ut skjemaet, signer og send skjemaet til Bjørnafjorden kommune, Avdeling for forvaltning og koordinering, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen.

Klikk her for søknad om følgekort.

Klikk her for søknad om parkeringsløyve for forflytningshemma. (NB! Du må logge inn via ID-porten).

Barnevernvakten er eit tilgjengeleg barnevern for barn, unge og deira pårørande i krise og akutte situasjonar.

Barnevernvakten i Bergen har ansvar for akuttberedskapen på barnevernområdet i Bjørnafjorden kommune utanom Barneverntenesta si opningstid (ettermiddag, kveld, helg og heilagdagar).

Les meir om tenesta

Bekymringssamtalen er ein kartleggings- og dialogsamtale som rettar seg både mot barn under 15 år og unge opp til 18 år, og deira føresette. Politiet vurderer behov, og kan eventuelt kalle inn til bekymringssamtale. Du og dine føresette har plikt til å møte opp dersom de vert kalla inn.

Politiet vil høyre om kva som kan vere årsaka til problema. Målet er å stanse eit negativt åtferdsmønster og leggje til rette for ei positiv endring i barnet sin livssituasjon. Bekymringssamtalen er ikkje ein straffereaksjon, men eit førebyggjande tiltak som skal hjelpe deg og dine føresette til å ta riktige val og saman finne dei rette tiltaka.

Du kan kontakte Politiet for å drøfte/melde bekymring og/eller tipse Politiet om kriminelle hendingar eller bidra med opplysingar som kan forhindre ei kriminell handling.

Familievernkontoret tilbyr førebyggande kurs og samtalar om å vere foreldre og konflikthandtering, og par- og familieterapi for å betre kommunikasjonen, løyse konfliktar og styrke relasjonane.

Familievernkontoret utfører også obligatorisk mekling ved samlivsbrot for par som går frå kvarandre og har barn for å lage avtalar om samvær og ansvar.

Hjelpa er retta mot familien, barn og unge, parforholdet og/eller samarbeid om felles barn (for foreldre som ikkje bur saman).

Tilbodet er gratis og du treng ikkje tilvisning. Du kan ta direkte kontakt med familievernkontoret for ein uforpliktande samtale eller bestille time. Dei tilsette har teieplikt.

Les meir om tenesta

Ergoterapi er eit lågterskeltilbod for barn og unge under 18 år som har ulike utfordringar med å utføre aktivitetar eller vanskar med å utføre daglege gjeremål.

Årsaker til vanskar kan vere sjukdom, skade eller lyte som er medfødt eller erverva, for eksempel kognitive vanskar, bevegelsesvanskar, sansetap, psykiske eller psykososiale vanskar, samansette vanskar eller akutt sjukdom.

Ergoterapi tar utgangspunkt i den det gjeld sine ønske og behov. Ergoterapeuten kan bidra i rådgiving og tilrettelegging for deltaking, aktivitet og leik. Målet er at barnet eller ungdommen skal kunne delta i kvardagslivet på eigne premiss.

Ein ergoterapeut kan hjelpe med:

  • Kartlegging av funksjon og ressursar
  • Trening/rettleiing/tilrettelegging av aktivitetar i dagleglivet (ADL) i heimen, i barnehagen og på skulen
  • Rådgiving og tilrettelegging av omgivnader, som bustad, barnehage og skule
  • Vurdering og rettleiing av finmotorikk
  • Rådgiving/rettleiing til samarbeidspartnarar og pårørande
  • Formidling av tekniske hjelpemiddel for meistring av daglege aktivitetar

Barn med samansette vanskar har behov for tidleg innsats og samordna tenester for å forebygge og minimalisere vanskane, slik at barnet får best mogleg funksjon og opplever meistring. Ergoterapeutar samarbeider derfor ofte med andre fagtenester, som for eksempel fysioterapeutar, PPT, spesialpedagogar, personalet i barnehagen/på skulen og spesialisthelsetenesta.

Føresette kan sjølv søke eller søke på papir om undersøking, vurdering og hjelp av barneergoterapeut i kommunen. Du treng ikkje tilvising. Ergo- og fysioterapi for barn og unge har felles søknadsskjema, venteliste og inntaksmøte, så det er ikkje eit problem om du er usikker på kva av desse tenestene barnet treng oppfølging frå.

Her finn du papir søknadsskjema og digitalt søknadsskjema (NB! Du må logge inn via ID-porten).

 

Les meir om tenesta

Familiens hus består av einingane Førebyggande helseteneste, Barn, unge og familiar og Barneverntenesta. Familiens hus i Bjørnafjorden kommune er ikkje eit fysisk hus. Hensikta er å samordne tenestene til barn, unge og deira familiar. Dette skal bidra til å betre samarbeidet mellom dei ulike kommunale hjelpetenestene.  Når barnet, ungdomen eller familien treng hjelp, er det mange ulike tenester å forholde seg til. Det kan vere vanskeleg å få oversikt over kva ein treng og har krav på. Familiens hus har éi dør inn. Foreldre eller andre som ønskjer hjelp til barnet, ungdommen eller familien, kan ta kontakt med til dømes helsesjukepleiar, familierettleiar eller PP-rådgjevar. Den dei tar kontakt med, sørger for at kontakt med rett instans vert oppretta. 

Les meir om tenesta

Førebyggande helseteneste skal vere eit lett tilgjengeleg lågterskeltilbod, som skal ha fokus på tidleg innsats og universelle tiltak retta mot enkeltindivid og befolkning. Tenesta skal fremme folk si helse - både psykisk og fysisk, redusere risiko for sjukdom og bidra til at helsa er ein positiv ressurs i kvardagen for den enkelte - gjennom heile livet. Førebyggande helseteneste utgjer grunnmuren i det førebyggande arbeidet for gravide, barn, unge og foreldre. Tenesta møter alle barn og unge i kommunen gjennom faste konsultasjonar frå svangerskap til ungdomstid.

I eininga Førebyggande helsetenester finn du:

Les meir om tenesta

Eininga Barn, unge og familiar består av fire avdelingar som arbeidar med utgangspunkt i ulike lovverk og ansvarsområde.  Eininga har eit breidt tenestetilbod med fokus på samarbeid på tvers, heilskaplege tenester og å sikre rett hjelp til rett tid. Målet er at barn, unge og familiar blir ivaretekne og får den hjelpa dei treng, enten gjennom lovpålagte oppgåver og/eller ulike lågterskeltilbod.

Barn, unge og familiar består av:

Les meir om tenesta

Barneverntenesta skal fremme ein trygg barndom og gode oppvekstsvilkår for barn og ungdom i alderen 0-18/25 år. Tenesta arbeider for at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får nødvendig hjelp, omsorg og beskyttelse til rett tid.

Barneverntenesta skal, når barnet på grunn av forholda i heimen eller av andre grunnar har særleg behov for det, sørge for å sette i verk tiltak for barnet og familien som forbetrar barnet sin situasjon. Dei fleste familiar får hjelpetiltak i heimen.

Dersom det ikkje kan skapast tilfredsstillande forhold for barnet ved tiltak i heimen, kan barneverntenesta sette i verk tiltak for barnet utanfor heimen, for eksempel plass i fosterheim eller på institusjon. Omsynet til barnet sitt beste er det avgjerande.

Du kan ta kontakt med Barneverntenesta dersom du er bekymra for ditt eige barn/din eigen familie eller for eit anna barn/ein annan familie. Offentlege instansar har, jfr. Lov om barneverntenester § 13-2, opplysningsplikt til barneverntenesta, blant anna dersom det er grunn til å tru at barn blir utsette for alvorleg omsorgssvikt eller eit barn har alvorlege adferdsvanskar knytt til kriminalitet eller bruk av rusmiddel.

Er du usikker på om du bør melde bekymring eller ta kontakt med barneverntenesta for å få hjelp, kan du ringe Barneverntenesta på telefon 90 18 28 50 for å drøfte saka og få råd. Du kan både drøfte og melde bekymring anonymt.

Klikk her for å melde bekymring til barneverntenesta.

Les meir om tenesta

Familieråd er eit lågterskeltilbod som skal hjelpe barn og unge frå 0-18 år og deira familie å finne gode løysingar på det som er utfordrandre, saman med deira slekt og nettverket.

Målet med familierådsmøtet er at barnet og familien saman med nettverket kjem fram til ein konkret plan som skal gjere familien, og spesielt barnet, sin situasjon betre.

Familieråd kan brukast for å løyse mange ulike typar utfordringar. Ein familierådskoordinator hjelper familien både med å samle slekt og andre i nettverket som er viktige for barnet og familien og å gjennomføre familierådet.

Barnet, føresett eller offentleg tilsett kan ta initiativ til familieråd.

Les meir om tenesta

Familieteamet er eit gratis lågterskeltilbod til barn og unge frå 0 til 18 år og deira føresette, som strevar med ulike problemstillingar knytta til blant anna psykisk helse, trivsel, samspel, utvikling, åtferd, regulering, grensesetting og reaksjonar på vanskelege hendingar. Familieteamet gir også rettleiing etter vedtak frå barneverntenesta. Familierettleiarar og kommunepsykolog i teamet møter barn, unge og familiar gjennom samtalar, rettleiing, oppfølging og/eller på kurs og samlingar.

Les meir om tenesta

Fastlegen skal vere ein trygg samtalepartner og sikre heilskapleg og kontinuerleg oppfølging. 

Du kan kontakte fastlegen for ei akutt hending, kronisk sjukdom, ved uro for barnet/ungdommen si utvikling eller barnet/ungdommen/di eiga fysiske eller psykiske helse.

Psykiske symptom, plager og sjukdommar kan også gi somatiske (kroppslege) utslag, for eksempel hovudverk, mageknip og muskelverk. Psykisk helse kan dreie seg om depresjon, angst, søvnproblem, spiseforstyrring, rusmiddelbruk, sengevæting, dysleksi, ADHD, utviklingsforstyrringar, seksualitet og kjønnsidentitet, reguleringsvanskar, åtferdsvanskar, sosiale vanskar, problem på jobben eller i samlivet som det er vanskeleg å takle på eigenhand eller valdsproblematikk.

Du kan snakke fortruleg med fastlegen din dersom du har det utrygt heime og opplever vald eller overgrep. For meir informasjon om dette, kan du lese artikkelen «Sei ifrå til fastlegen din».

Fastlegen har ansvar for utredning, diagnostikk, behandling og oppfølging av sine pasientar, samt å koordinere helsetilbudet til pasientane opp mot andre tenester i primær- og spesialisthelsetenesta. Ved behov kan fastlegen tilvise vidare til spesialist/spesialisthelsetenesta og ulike hjelpeordningar i kommunen. Fastlegeordningen bidrar derfor til éin veg inn til helsetenesta.

Er du bekymra for ein person som er fysisk eller psykisk sjuk? Då kan du melde bekymring til personen sin fastlege eller kommuneoverlegen med kopi til fastlegen. Dersom fastlegen skal kunne ta direkte kontakt med personen du er bekymra for, må du samtykke til at bekymringa og ditt namn blir journalført. Pasient- og brukerombudet hjelper pasientar, brukarar og pårørande med råd, rettleiing og bistand i møte med helsetenesta.

Klikk her for å finne din fastlege

Flyktningtenesta følger opp flyktningar som blir busette i kommunen etter avtale med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) og har hovudansvaret for integreringsarbeidet i kommunen. 

Les meir om tenesta

Fysioterapeutar har kunnskap om barns utvikling og om betydninga av samspelet mellom barnet og miljøet rundt barnet. Fysioterapeutar kan bidra til og legge til rette for stimulerande aktivitet og godt samspel mellom barn, føresette og andre omsorgspersonar, som fremmar bevegelsesutvikling, funksjon, bevegelsesglede og meistring. 

Fysioterapi for barn og unge er eit gratis lågterskeltilbod til barn og unge under 18 år som har ulike utfordringar knytt til bevegelse, motorikk, nedsett funksjonsevne eller smerter og plager frå muskel-skjelett systemet.

Det kan handle om motoriske vanskar knytt til grovmotorisk eller finmotorisk utvikling, meir alvorlege utviklingsforstyrringar, eller at barnet er utsett for akutt skade eller sjukdom. Utfordringane kan også vere knytt til medfødt risiko/diagnose som nevrologisk, revmatisk eller ortopedisk sjukdom, psykiske vanskar eller hjarte- og lungeproblematikk. Barn som ikkje klarer å henge med i leik og fysisk aktivitet med andre på sin alder, kan ha nytte av vurdering hos fysioterapeut. Hos dei yngste barna kan uro og manglande trivsel i kombinasjon med spørsmål knytt til motorisk utvikling vere bakgrunn for kontakt med barnefysioterapeut.

Ein barnefysioterapeut kan hjelpe med:

  • Kartlegging av smerter, funksjonsnivå, utviklingsnivå, ressursar og interesser
  • Vurdering, tilpassing og tilrettelegging av trening, aktivitet og leik
  • Behandling, trening og stimulering
  • Rådgiving og rettleiing av føresette og samarbeidspartnarar
  • Vurdering, utprøving og tilpassing av hjelpemiddel knytt til bevegelse, aktivitet og daglege gjeremål

Barnefysioterapeutar samarbeider med føresette og fagpersonar for å legge til rette miljøet til barn og unge i heimen, i barnehagen, på skulen og på SFO.  

Kontakt med barnefysioterapeut kan skje i fysioterapitenesta sine lokale på Luranetunet (Os) eller Fusa bu-og behandlingssenter, i heimen, på helsestasjonen, i barnehagen eller på skulen. Barn og unge kan også få opptrening/behandling hos fysioterapeut på institutt.

Barn og unge ved føresette kan sjølv søke om tenesta. Du treng ikkje tilvising. Ergo- og fysioterapi for barn og unge har felles søknadsskjema, venteliste og inntaksmøte, så det er ikkje eit problem om du er usikker på kva av desse tenestene barnet treng oppfølging frå.

Her finn du papir søknadsskjema og digitalt søknadsskjema (NB! Du må logge inn via ID-porten).

Les meir om tenesta

Helsestasjon for barn (0-6 år) er eit gratis tilbod om helseundersøking, vaksinasjon, rettleiing og rådgiving av helsesjukepleiar og lege. Det er helsestasjon på Osøyro og i Eikelandsosen.

Les meir om tenesta

Helsestasjon for ungdom (13-23 år) er eit gratis tilbod om kontakt med helsesjukepleiar og/eller lege for å få råd, rettleiing, undersøking eller tilvising til andre hjelpetenester og spesialistar ved behov.

Les meir om tenesta

Helseteneste for flyktningar er nødvendig helsehjelp og rettleiing spesielt tilrettelagt for asylsøkarar og flyktningar.

Les meir om tenesta

Personar som har varig og vesentleg redusert funksjonsevne kan søke om tilrettelegging og hjelpemiddel frå NAV. Det kan handle om behov for tilrettelegging og hjelpemiddel i heimen, i barnehagen, på skulen, i utdanning eller på jobben. Årsaken kan vere nedsett syn eller hørsel, vanskar med tale og språk, lese- og skrivevanskar, vanskar med å hugse, planlegge og forstå eller vanskar med bevegelse og forflytting. Det kan også handle om behov for ortopedisk hjelpemiddel, ortose eller protese.

NAV Hjelpemiddelsentral Vestland

Les meir om tenesta

Innsatsteam mot krenking/mobbing skal vere ei støtte for barn og unge, føresette og barnehagar/skular i komplekse saker.

Barn og unge, føresette, barnehagar og skular kan melde saker direkte til innsatsteamet. Tilsette kan òg melde frå dersom dei opplever at saka er fastlåst. Du skal drøfte saka med styrar i barnehagen eller rektor ved skulen før du melder saka til teamet.

Klikk her for å melde saka til Innsatsteam (NB! Du må logge inn via ID-porten)

Les meir om tenesta

Jordmortenesta tilbyr svangerskapskontroll, foreldreførebuande kurs og barseloppfølging frå jordmor.

Les meir om tenesta

Konfliktrådet er ei gratis, statleg teneste som tilbyr mekling som metode for å handtere konfliktar. Meklarane i Konfliktrådet legg til rette for møta mellom partane i ein konflikt.

Eit møte i Konfliktrådet kan være meklingsmøte, ungdomsstormøte, tilrettelagt møte, oppfølgingsmøte eller andre møte i regi av Konfliktrådet.

Hensikta er at partane gjennom dialog kan finne fram til gode løysingar enten det gjelder å gjere opp for konkrete lovbrot, eller gjenopprette mellommenneskelege relasjonar. 

Konfliktrådet har eit spesielt ansvar for unge i konflikt med loven, og gjennomfører dei strafferettslege reaksjonane mekling i konfliktråd, oppfølging i konfliktråd, ungdomsoppfølging og ungdomsstraff.

Som ungdom kan du komme i kontakt med Konfliktrådet på fleire måtar avhengig av kva saka di gjelder og kva rolle du har. Har du gjort noko dumt eller opplevd ei vond hending kan meklingsmøte i konfliktrådet vere ein fin måte å få ordna opp.

Les meir om tenesta

Konsultasjonsteamet mot vald og overgrep er eit lågterskeltilbod som gir råd og rettleiing.

Alle som er bekymra for om eit barn eller ein ungdom er eller har blitt utsett for vald eller seksuelle overgrep av vaksne eller andre barn, kan teamet gi deg råd og rettleiing. Du kan få hjelp til kva du bør gjere, kva for instansar du kan kontakte, korleis du kan snakke med barnet/ungdommen og om du bør melde bekymring til Barneverntenesta.

Teamet er sett saman av kommunelege, helsesjukepleiar, SLT-koordinator, representant frå Ungdomsteamet, psykolog/familierettleiar, og koordinator frå Barneverntenesta.

Alle saker blir drøfta anonymt.

Les meir om tenesta

Koordinerande eining (KE) er ei tverrfagleg samansett faggruppe som har det overordna ansvaret for koordinator, barnekoordinator og individuell plan. Ansvaret omfattar alle pasient- og brukargrupper med behov for langvarige og koordinerte tenester.

Oppgåvene til Koordinerande eining (KE):

  • Legge til rette for brukarmedverknad
  • Ha oversikt over tilbod innan habilitering og rehabilitering
  • Gi informasjon og rettleiing til brukarar/pårørande og samarbeidspartar om tilbod i kommunen og spesialisthelsetenesta
  • Overordna ansvar for barnekoordinator, koordinator og individuell plan (IP)
  • Bidra til samarbeid på tvers av fagområde og nivå
  • Vere kontaktpunkt for samhandling med spesialisthelsetenesta
  • Samarbeid med andre instansar
  • Ivaretaking av familieperspektivet
  • Vere bindeledd i saker der fleire i familien har behov for langvarige og koordinerte tenester
  • Motta melding om mogleg behov for sosial, psykososial og medisinsk rehabilitering og habilitering

Koordinerande eining har det overordna ansvaret for barnekoordinator/koordinator og individuell plan (IP), og for oppnemning, opplæring og rettleiing av koordinatorar. Melding om behov/ønske om barnekoordinator/koordinator skal meldast til KE som skal saksbehandle meldinga. Dersom barnet/ungdommen ikkje har rett til barnekoordinator/koordinator, kan barnet/ungdommen likevel ha rett til samordning av tenester, jfr. kommunen si samordningsplikt.

Vilkåra for rett til barnekoordinator er noko meir omfattande enn for koordinator. Til gjengjeld inneber barnekoordinator ein utvida koordinatorordning samanlikna med koordinator, ved at den tildelast familien og ikkje kun barnet/ungdommen.

For å styrke oppfølginga av utsette barn, unge og deira familiar, er det med virkning frå 1. august 2022 vedtatt bestemmingar om samarbeid, samordning, barnekoordinator og individuell plan. Dersom tenestene ikkje ivaretek plikta til å samarbeide kan barn, unge og deira familiar varsle Statsforvaltaren.

KE har faste samarbeidsmøte med Oppvekst for å sikre at dei som får avslag på barnekoordinator/koordinator skal få ein samordningsansvarleg, jfr. Lov om endringar i velferdstjenestelovgivningen (samarbeid, samordning og barnekoordinator), som tilsvarer ein stafetthaldar.

Har du spørsmål knytt til samordning, samarbeid, barnekoordinator/koordinator eller individuell plan (IP), ta kontakt med Koordinerande eining på e-post PostIP@bjornafjorden.kommune.no eller på telefon 97730588. Du kan drøfte anonymt.

For søknads-/ meldeskjema, klikk på lenka «Les meir om tenesta».

Les meir om tenesta

Krisesenteret tilbyr beskyttelse, tryggleik, råd og rettleiing til alle kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar i nære relasjonar. Du treng ikkje vere i ei akutt krise for å få hjelp. Senteret tilbyr ikkje hjelp til valdsutøvaren. Krisesenteret er døgnope. Du kan ta direkte kontakt. Alle dei tilsette har teieplikt.

Krisesenteret kan blant anna tilby :

  • Eit menneske som lyttar til det du vil fortelle
  • Informasjon om rettar, råd og rettleiing på telefon eller ved oppmøte
  • Eit mellombels tilbod om ein stad å bu for deg og barna dine.
  • Hjelp til å få kontakt med lege, advokat, politi, sosialkontor eller andre hjelpeinstansar

Krisesenteret vil, i samarbeid med deg, vurdere kva som skal til for at du skal vere trygg på senteret. Dersom krisesenteret ikkje kan beskytte deg godt nok, skal kommunen og politiet saman finne ein stad du kan bu.

Nyttige lenker:

Legevakten tilbyr hjelp ved akutt sjukdom, skader og kriser, heile døgnet.

Ring Legevakten på telefon 116 117 ved nyleg oppstått sjukdom, skade som blir oppfatta som så alvorleg at det ikkje kan vente til fastlegen opnar, akutt sjukdom som ikkje er livstrugande, forverring av sjukdom eller skade som krev rask behandling.

Ved fare for liv og helse eller behov for akutt helsehjelp, ring 113.

Klikk her for meir informasjon om legevakten.

Mobbeombodet i Vestland er eit lågterskeltilbod for barn, elevar i grunnskulen og føresette i Vestland fylke. Ombodet skal bidra til at barn og unge får oppfylt rettane sine til trygge og gode barnehage- og skulemiljø. Mobbeombodet kjenner rettane til barn og unge, og kan fortelje korleis du går fram om eit barn ikkje har det bra. Alle kan spørje ombodet om råd om barnehage- og skulemiljø. Omboda har teieplikt, og kjem ikkje til å seie noko vidare utan at du ynskjer det.

Alle kan ta kontakt med mobbeombodet.

Les meir om tenesta

Hjelpetenester du kan bruke dersom du har behov for hjelp, nødhjelp eller nokon å snakke med.

Overgrepsmottaket ved Bergen legevakt tar imot og gir bistand til personar over 15 år som er utsett for valdtekt eller andre seksuelle overgrep, uavhengig av om saken vert meldt til politiet.

Du kan ringe eller møte på legevakten for medisinsk undersøking, rettsmedisinsk dokumentasjon, kriserådgiving og oppfølging. Du kan sjølv bestemme om du vil ta imot heile tilbodet eller berre delar av det.

Overgrepsmottaket er ein del av Helse Bergen. Mottaket er ope alle dagar, 24 timar i døgnet.

Les meir om tenesta

NB! Gjeld det barn og unge under 15 år som er utsett for valdtekt eller andre seksuelle overgrep, ta kontakt med fastlege eller Legevakt (telefon 116117) som kan tilvise vidare til Mottaket på Barne- og ungdomsklinikken på Haukeland universitetssjukehus. Mottaket på Barne- og ungdomsklinikken er døgnope. Besøksadresse: Glassblokkene, Haukelandsbakken 1, 5021 Bergen. Mottaket ligg i etasje U1 i Glasblokkene, blokk 5. For meir informasjon om Mottaket på Barne- og ungdomsklinikken, klikk her.

Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU) gir spesialisert helsetilbod til barn og unge (0-18 år) med psykiske vanskar, og deira pårørande. Dette kan til dømes vere utgreiing og behandling av angst, åtferdsvanskar, utviklingsforstyrringar, AD/HD, depresjon, tvangslidingar, autisme, sjølvmordsfare, psykose, spiseforstyrringar, skulevegring, m.m. PBU består av både sengepostar og poliklinikkar (BUP). BUP er ei forkorting for Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk.

Du treng tilvising for å få eit tilbod fra PBU eller BUP. Lege, psykolog, leiar for barnevernstenesta, og leiar for NAV kommune (Sosialtenesta) kan tilvise til BUP. Bjørnafjorden kommune er under BUP Ytrebygda sitt opptaksområde.

Les meir om tenesta

PP-rådgjevarane i PPT følger opp tilviste barn og unge, utgreier og utarbeider sakkunnige vurderingar knytta til spesialpedagogisk hjelp i barnehage og spesialundervisning i grunnskulen. PPT har kontaktpersonar i alle barnehagar og på alle skular, som gir råd og rettleiing.

Logopedtenesta er eit lågerskeltilbod, som arbeidar på individ-og systemnivå. Tenesta hjelper barnehage- og grunnskulebarn som strevar med uttalevanskar, stemmevanskar og taleflytvanskar.

Les meir om tenesta

Politiet skal oppretthalde orden, førebygge og hindre straffbare handlingar, beskytte innbyggarane og etterforske lovbrot.

Førebyggande eining i Politiet kan gi hjelp, råd og rettleiing dersom ein for eksempel er uroa for rus, kriminialitet, vald eller digitalte utfordringar.

Politiet driv også med opplysningsarbeid om ulike tema for barnehagar, skular, lag, organisasjonar og næringsliv.

Les meir om tenesta

I eininga Psykisk helse- og rustenester finn du blant anna:

  • Avdeling psykisk helse – eit gratis tilbod om helsehjelp til personar over 18 år som blant anna omfattar samtalar, rettleiing og rådgiving med psykolog eller psykiatrisk sjukepleiar, kurs, butrening og hjelp til tilrettelegging av kvardagen, sosial trening og fysisk aktivitet.
  • Ruskonsulent – eit gratis lågterskeltilbod som tilbyr kartlegging, støttesamtalar med brukarar i alle aldrar og/eller pårørande, råd og rettleiing innan avhengigheitsproblematikk, hjelp til å finne riktig hjelp eller behandling og tilvising til behandling.
  • Rask psykisk helsehjelp eit gratis behandlingstilbod til deg som er over 16 år og har milde til moderate symptom på depresjon, angst eller søvnproblem eller begynnande rusmiddelproblem.
  • Tidleg innsats – eit gratis lågterskeltilbod til unge i alderen 14-25 år som har problem med rus, speling og avhengigheit. Tilbodet omfattar kartlegging, støttesamtalar med brukaren og/eller pårørande, råd og rettleiing innan avhengigheitsproblematikk, hjelp til å finne riktig hjelp eller behandling og tilvising til behandling.

I utgangspunktet er Psykisk helse- og rustenester sine tilbod retta mot vaksne, men tenesta har også ansvar for å hjelpe familien med å opprette kontakt med riktig instans dersom det er barn i familien som er pårørande og har behov for oppfølging.

Les meir om tenesta

Rask psykisk helsehjelp er eit gratis behandlingstilbod til deg som er over 16 år og har milde til moderate symptom på depresjon, angst eller søvnproblem eller begynnande rusmiddelproblem.

Les meir om tenesta

Ressursteamet kan bidra med tverrfagleg samarbeid rundt enkeltbarn og deira familie for å sikre tidleg og riktig innsats, og kompetanseheving til tilsette i barnehagar.

Les meir om tenesta

Ruskonsulent er eit gratis lågterskeltilbod som tilbyr kartlegging, støttesamtalar med brukarar i alle aldrar og/eller pårørande, råd og rettleiing innan avhengigheitsproblematikk, hjelp til å finne riktig hjelp eller behandling og tilvising til behandling. 

Les meir om tenesta

Skulehelsetenesta er eit gratis tilbod om helseundersøking, vaksinasjon og råd og rettleiing av helsesjukepleiar på skulen til elevar i grunnskulealder og deira føresette knytt til små eller store fysiske, psykiske eller sosiale problem eller utfordringar.

Les meir om tenesta

SLT står for samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggande tiltak. SLT-modellen er ein samordningsmodell for rus- og kriminalitetsførebyggande tiltak for barn og unge. SLT-modellen sikrar målretta samhandling og koordinering mellom politiet og tenestene i kommunen, samt foreldre, næringsliv og frivillige lag og organisasjonar.

SLT-koordinator skal formidle kunnskap, identifisere problemområde, initiere tiltak og koordinere samarbeid.

Les meir om tenesta

Det finst ulike stønader og tilbod for barn og unge med særskilde behov og deira føresette. Oversikta er ikkje fullstendig, men eit utgangspunkt og ei hjelp til å finne dei mest relevante stønadene og tilboda for dykkar situasjon. Klikk her for å komme til oversikta.

Tidleg innsats er eit gratis lågterskeltilbod til unge i alderen 14-25 år som har problem med rus, speling og avhengigheit. Tilbodet omfattar kartlegging, støttesamtalar med brukaren og/eller pårørande, råd og rettleiing innan avhengigheitsproblematikk, hjelp til å finne riktig hjelp eller behandling og tilvising til behandling.

Les meir om tenesta

Tilrettelagte tenester – barn og unge består av to avdelingar; Varafjell avlastningssenter og Os/Fusa avlastning. Avdelingane skal gi tenester til pårørande og andre med særlig tyngande omsorgsoppgåver. Avlastning skal hindre overbelastning hos omsorgsgjevar, og skal gje moglegheit til naudsynt fritid og ferie, yrkesaktivitet, familieliv og deltakelse i samfunnsaktiviteter.

Avlastning kan gis i eller utanfor heimen, i eller utanfor institusjon og den kan gis uavhengig av tenestemottakaren sin diagnose.

Søknad om avlastning sendast Avdeling for forvaltning og koordinering, der søknaden blir behandla. Avlastning er gratis.

Varafjell avlastningssenter er eit kommunalt, tilrettelagt heildøgns omsorgstilbod, som ligg i Industrivegen på Os sida. Varafjell avlastningssenter, som er kommunen sin einaste avlastningsinstitusjon, tilbyr deltid- og fulltidsavlastning. Det er plass til opp til 10 barn med nedsett funksjonsevne. Senteret har 7 soverom og 3 leilegheiter.

Os/Fusa avlastning gir avlastning i heimen, samt timeavlastning utanfor heimen. Det er førebels ikkje mogleg å få heildøgnsavlastning på Fusa sida. Ein arbeider for å få dette på plass.

Trygg start er eit gratis tilbod om tettare oppfølging i svangerskapet og i spedbarns- og småbarnsperioden til foreldre med utfordringar som påverkar foreldrerolla.

Les meir om tenesta

Nokre gongar er det behov for å drøfte komplekse saker på tvers av sektorar, einingar og andre hjelpeinstansar. Familiens hus har derfor etablert eit tverrfagleg drøftingsteam der heile «laget kring barnet/familien» kan møtast og samordne den hjelpa barnet, ungdommen eller familien treng. Laget kring barnet/familien omfattar alle tilsette som arbeider med familien.

Alle fagpersonar som arbeider med barn/unge og deira familiar i Bjørnafjorden kommune kan melde inn sak til tverrfagleg drøftingsteam. Føresette kan ikkje sjølv melde inn sak, men føresette og barn over 15/16 år må samtykke til drøftinga. Drøftinga skjer som hovudregel utan at føresette og eventuelt barnet er til stade. Innmeldar har ansvar for å informere føresette, og eventuelt barnet, om resultatet av drøftinga.

Les meir om tenesta

Ungdomsteamet er eit gratis lågterskeltilbod til ungdom mellom 13 og 23 år som strevar med utfordringar knytt til skulekvardag, fritid, trivsel og psykisk helse. Miljøterapeutane i Ungdomsteamet er mykje i miljøet på ungdomsskulane og er tilgjengelege for ungdommar på Ung arena og Fjord’n Arena. Du kan følge UngArena på SnapChat: ungarenabf

Les meir om tenesta

Utekontakten er ei førebyggande lavterskelteneste for ungdom i alderen 13-25 år, som har, eller er i risiko for å utvikle, ei sårbarheit eller problematikk.  

Utekontakten oppsøker plassar der ungdom oppheld seg; på skulen, Ung Arena eller ute på gata. Feltarbeidarane tar kontakt med ungdom for å snakke med dei om tematikk som ungdommen sjølv opplever som viktig. Det finst ingen samtaletema som er for vanskelege eller for lite viktige, du kan snakke med Utekontakten om alt. Typiske samtalar handlar om trivsel på skulen, fritidsinteresser, familie, følelsar, mobbing, rusmiddel, seksualitet, m.m.

Kontakten mellom Utekontakten og ungdom baserer seg på eit frivilligprinsipp, der ungdommen sjølv bestemmer kor vidt dei skal ha kontakt med tenesta eller ikkje.

Feltarbeidarane i Utekontakten har teieplikt, men må i nokre tilfelle, for eksempel dersom nokon er i alvorleg fare, melde i frå til nokon som kan hjelpe.

Utekontakten har også som målsetting å halde oversikt over ungdomsmiljøa lokalt, identifisere endringar og nye nasjonale- og lokale trendar så raskt som mogleg. For å oppnå denne målsettinga er Utekontakten avhengige av å få tilbakemeldingar frå ungdommar og vaksne. For tips om trendar og utvikling i nærmiljøet, ta gjerne kontakt med Utekontakten på e-post: utekontakten@bjornafjorden.kommune.no.

Du er velkommen til å ta kontakt med Utekontakten sine feltarbeidarar!

Du kan også følge Utekontakten på SnapChat: UKBJORNAFJORDEN

Les meir om tenesta