Verktøya er meint å skulle hjelpe deg i ditt arbeid med å definere uroa for barnet, i samtalar og samarbeid med barn, unge og føresette, og i det tverrfaglege samarbeidet.
Verktøya er konkrete hjelpemiddel og malar kvar enkelt teneste og tilsett i kommunen brukar som eit utgangspunkt for arbeidet med BTI-saker.
Nokre verktøy er rettleiingsverktøy, andre er arbeidsverktøy og nokre er malar som skal brukast til dokumentering. Kvar enkelt teneste må finne løysingar på korleis dei skal bruke dokumenta eller ta dei inn i sitt fagsystem. Alle dokumenta som det er meininga at det skal skrivast i, kan lastast ned og fyllast ut elektronisk. Dokumentering av arbeidet som blir gjort, oppbevaring og arkivering av dokument skal gjerast i tråd med retningslinjene i di eiga teneste. Det er ikkje mogleg å lagre dokument i BTI-systemet.